Syvde kyrkje

Den første kyrkja i Syvde stod på garden Myklebust og var vigd til Heilag-Olav, truleg lenge før reformasjonen. Stavkyrkja vart rive i 1836 og ny kyrkje bygd på garden Vik. Kyrkja kom i offentleg eige i 1870. Året etter vart ho utvida i breidda og høgda og fekk tårn. Kyrkja vart påbygd i lengda i 1907. Øvste delen av altartavla kjem frå Olavs-kyrkja. Trearbeidet i altartavla er laga av Rasmus og Arne Nordal i 1871. I 1910 fekk kyrkja nytt altarbilete måla av kunstnaren Daniel Lade. Orgel kom på plass i 1909, dette vart utskifta i 1969. Kyrkja vart restaurert i 1971.
(Kjelde: Syvde kyrkje. 1969).

Kommune: 
Institusjonskategori: