Teigen bygdemuseum

Teigen ligg i Skeidsdalen, ein 2 km avstikkar frå riksveg 666 ved Øre kyrkje, og ca. 7 km frå Batnfjordsøra. Museet består i dag av eit våningshus med innbu og løysøre, samt driftsbygning som no er nyrestaurert. Driftsbygninga inneheld ein del gardsreiskap. Husa vart flytta frå husmannsplassen "Litj-Ranheim" i 1884. Dei som budde her fram til 1982, har gjort uvanleg få moderniseringar med hus og innreiing. Miljøet verkar dermed nær autentisk for 1800-talet.
Kvar sommar blir det arrangert museumsdag med omvising, aktivitetar og underhaldning.

Kommune: 
Institusjonskategori: