Tingvoll kyrkje

Utgravingar syner spor etter ei eldre trekyrkje same stad, truleg bygd kring år 1000. Tingvoll var fylkeskyrkje for Nordmøre. Murverket med portalar og glasopningar står mest ubrigda, med unnatak av skiljemuren mellom skip og kor som vart fjerna i 1878. Det er samanhengande gangar i kistemuren kring heile skipet. Nytt tårn vart bygd i 1650 og 1708. Noverande tårn er frå 1787. Nye sakristi vart bygd i 1646, 1698 og 1878. Noverande sakristi er frå 1929. Interiøret er i hovudsak frå 1600-talet. Altartavla (1660), epitafiet (1661) og vestgalleriet (1682) var gåver frå magister Hans Nielsen Tausan. I 1928-29 vart kyrkja omfattande restaurert, m.a. med fargerestaurering ved Ola Seter. Nytt pipeorgel kom òg på plass. I 1930 vart glasmåleri av Gabriel Kielland innsett i alle vindauge, unnateke sidevindauga i koret som er utført av Oddmund Kristiansen i 1958. Kyrkja har vore godt vedlikehalde gjennom hundreåra.
(Kjelde: Kyrkjene i Møre).

Kommune: 
Institusjonskategori: