Todalen kyrkje

I 1876 vart Todalen eige sokn, og sist i 1880-åra vart kyrkja utvida og sett i stand med tårnfot og nytt tårn, kor, sakristi (skriftehus) og galleri. Stangvik-kunstnaren Dorothea Follestad måla altartavle i 1890 - same året som den "nye" kyrkja vart vigsla. Første orgelet var eit harmonium frå ein privat gjevar (Rannei-orgelet). Dette vart flytta til Åsskard kyrkje i 1932, då Todalen kyrkje fekk sitt første pipeorgel - også som privat gåve. I 1995 vart Thorkildsen-orgelet frå 1932 ombygd og utvida til eit moderne orgel med 1800-talet sin orgeltype som stilmessig ideal. Kyrkja har også piano. I samband med restaureringsarbeidet i 1932 måla Eyolf Nagell Erichsen ny altartavle. Både Follestad-tavla frå 1890 og det opphavlege altar-korset finst framleis i Todalen kyrkje. I 2004 fekk kyrkja lysglobe. Same år vart plassen under galleriet omgjort til "kyrkjestove" med m.a. flyttbare bord og stolar.
(Kjelde: Kyrkja i Stangvik og Surnadal).

Kommune: 
Institusjonskategori: