Tresfjord kyrkje

Kyrkja er rikt dekorert, og mykje av kyrkjeinteriøret er frå 1600-talet.
Kyrkjerommet er tempeltelt-prega ved at takkvelvingen er dekorert med blåe stjerner og ved dei fire kronstavane som ber kyrkja. Ei frise i mange fargar med rosemålingsmotiv går rundt heile kyrkjeskipet. Antemensalet over preikestolen er frå 1300-talet og er eit av dei best bevarte i landet. Antemensalet er ei Mariatavle som viser hendingar kring Jesu fødsel. Over kordøra heng fem store målarstykke, tre av dei er frå altartavla i den gamle kyrkja. Altartavla er laga av Iver Knutsen Åsgjerdet og måla av svensken Levin. Preikestolen er eit praktfullt arbeid frå renessansen med mykje utskjeringar og friske fargar. Han er laga av smed, treskjerar og bonde Erik Skeidsvoll i 1687. Interiøret i kyrkja vart restaurert til hundreårsjubileet i 1928. Ei ny fargerestaurering vart utført i 1963 etter ein taklekkasje.
(Kjelde: Vestnes kommune/Tresfjord kyrkje 1828-1978).

Kommune: 
Institusjonskategori: