Tresfjord Museum

Tresfjord Museum er eit bygdemuseum, offisielt opna i 1949. Då arbeidet med å skipe museet kom i gang, var målet å skape eit tun med hus og utstyr som var å finne på ein gard midt på 1800-talet. På tunet står i dag røykstove, løe, stabbur, kvernhus, eldhus og sengjebu. Bygdetunet gir eit godt inntrykk av korleis folk budde og levde i dette området tidlegare. Museet arbeider i dag med utviding av arealet.
Aktivitetar: Olsokfeiring, fotogruppe, samarbeid med skule og barnehage.

Kommune: 
Institusjonskategori: