Trollkirka

Trollkirka ligg omlag 380 m.o.h., og ein må gå nokre bratte kneikar for å kome opp til grottene.
Sjølve fotturen tek omlag 1 1/2 time. Trollkirka består av tre spanande kalkgrotter med underjordiske bekkar og fossar som kan utforskast. Grottene som delvis har kvite
marmorveggar, ligg på rad og rekkje oppover. Dei to nedste har vakre fossefall, medan den øvste stort sett består av lange underjordiske gangar. På flata vest for øvste grotte ligg eit fiskevatn
med kvite marmorbrygger. Fjellet bak Trollkirka er spesielt med takker og spir. Dette er såkalte "Nunatakker", dvs. fjelltoppar
som stakk opp over isen under siste istid for 10.000 år sidan.
Til turen er det nødvendig med gummistøvlar og lommelykt.
(Tekst/foto: Eide kommune).

Kommune: 
Institusjonskategori: