Trollstigen

Fjella rundt vegen er høgreiste; Store trolltind med sine 1788 moh og namn som Kongen, Dronninga og Bispen stadfestar det majestetiske over denne fjellverda. Frå kanten stuper Stigfossen nedover mot den frodige Isterdalen, og midt oppi dette smyger Trollstigvegen seg oppover fjellsidene.
Med ei stigning på 9%, smal vegbane, luftige parti og mange slynger, må ein vise køyrekultur. Trollstigen er ikkje tillete for køyrety over 13 meter, og det vert ikkje tilrådd å køyre med campingtilhengar. Vegen er utsett for ras. Trollstigvegen er vinterstengt, og opnar som regel i siste halvdelen av mai (avhengig av snømengda).
Fjellovergangen og den gamle kløvstien, som nylig er rehabilitert, byr på storslåtte natur- og kulturopplevingar for turgåarar.
(Tekst/foto: www.romsdalsalpene.com).

Kommune: 
Institusjonskategori: