Trollveggen

Det fortel noko om dimensjonane når eit steinskred hausten 1998 vart registrert i Finland til 2,2 på Richters skala for jordskjelv. Likevel må ein vere godt lokalkjend for å sjå kor raset losna.
Klatreruta Trollryggen vart første gong bestige i 1958 av Arne Randers Heen frå Åndalsnes og Ralph Høibakk. Dette var den første klatreruta i Noreg med overnatting i fjellveggen. Trollryggen er framleis den lengste klatreruta i Europa med omlag 3,5 km klatring.
Før 1965 trudde ingen at det var mogleg for eit menneske å klatre i sjølve Trollveggen. Men i 1965 beviste eit norsk og eit engelsk klatrelag det motsette. I løpet av 14 dagar nådde dei toppen i kvar si rute (nordmennene 1 dag før dei andre). Seinere har fleire ruter blitt klatra vinterstid.
Det vart ny dramatikk då finnen Jorma Öster i 1980 som førstemann kasta seg ut frå Trollveggen i fallskjerm. Dette tiltrakk seg fallskjermhopparar frå mange kantar av verda. Dei to første åra vart det gjort omlag 150 hopp. Etter fleire dødsfall og farefulle redningsaksjonar vart fallskjermhopping i Trollveggen forbode ved norsk lov i 1986.
(Tekst/foto: www.romsdalsalpene.com).

Kommune: 
Institusjonskategori: