Ulla fyrstasjon

Bolig og uthus ligg harmonisk samla i landskapet. Fyrtårnet, som er eit lågt kvadratisk betongtårn, ligg eit stykke unna. Fyrstasjonen vart bomba i 1944 og fekk store skader, men bygningar frå før gjenreisinga i 1950 er likevel bevart. Ulla var opphavleg eit lite fiskefyr som seinare vart forbetra med sterkare lys. Det gamle 4. ordens linseapparatet er lagra på fyret og skifta ut med ein moderne PRB-lyskastar. Stasjonen har to naust og landing med skinnegang. Området har fuglelivsfreding etter lov om naturvern.
Fyrstasjonen har fått nytt bruksområde:
Gjennom Kystverkklubben Midt-Norge/Ullafyrets Venner kan ein få overnatting og omvisning på fyret.
(Kjelde: Norsk fyrhistorisk foreining)

Kommune: 
Institusjonskategori: