Ulla-nausta

Ulla-nausta er ei naustrekkje på 9 naust, kor dei eldste nausta er frå omlag 1650. Desse er verna attringnaust med gamle båtar og fiskereiskap. Ved naustrekkja ligg Ulla småbåthamn som er eit naturleg samlingspunkt for lokale båtfolk.
To gonger har stormen øydelagt naustrekkja, i 1972 og 1992. Begge gongene har nausta blitt sette i stand att. Eitt av dei opphavlege nausta er borte. Dei store nausta var 19 x 6,5 m og ga plass til to åttringar, medan dei små nausta hadde plass til to færingar.
(Kjelde: www.visitalesund.com).

Kommune: 
Institusjonskategori: