Ulstein kyrkje

Den gamle steinkyrkja på Ulstein vart bygd på 1100-talet og var soknekyrkje for Ulstein i om lag 700 år fram til lynet slo ned i kyrkjetårnet 30. oktober 1847. Den nye trekyrkje vart vigsla på Ulstein, stod der i knapt 30 år før ho vart flytta inn til Ulsteinvik, utvida litt og vigsla i 1878. I 1912 fekk kyrkja nytt altarbilete måla av sokneprest Christensen. Kyrkja vart restaurert og dekorert i 1914 etter utkast av kunstmålar Johan Haddal. Orgel kom på plass i 1928, men vart skifta ut i 1952 og 1977. I 1961 vart sakristiet utvida, i 1968 vart våpenhuset utvida og i 1971 vart tømmerveggane avdekka.
(Kjelde: Waage, Peder Fritz: Ulstein kyrkje gjennom tidene. 1978).

Kommune: 
Institusjonskategori: