Valborg Krokens Samling

Valborg Kroken (1905-1967) flytta frå Sandøy til Åheim i 1934. Ho starta med å samle bruksting frå garden der ho budde og frå andre gardar i nærområdet. Ho la vekt på å samle ting frå kvardagen til kvinnene, og dette gjer samlinga ulik mange andre samlingar. Dei fleste andre samlarar har vore menn, noko som speglar innhaldet i samlingane.
Eit tinnfat er den eldste tidfesta gjenstanden i samlinga, dei fleste tinga er frå 1800-1900. I dag inneheld samlinga om lag 500 gjenstandar og viser i hovudsak tekstilar og kvinneleg husgeråd knytta til kvinnelivet på ein vestlandsgard. Anna bygdefolk har og bidratt til samlinga. Valborg Kroken si samling er eigd av Vanylven kommune.

Kommune: 
Institusjonskategori: