Vanylven kyrkje

Noko inventar vart flytta frå kyrkja på Åheim (St. Jetmunds kyrkje), m.a. den gamle kyrkjeklokka. Taket på kyrkja vart skifertekt i 1868, Hammondorgel vart innkjøpt i 1873, men bytt ut med pipeorgel i 1908. Ny kyrkjeklokke vart innkjøpt etter at den gamle vart øydelagt i 1892. Gjennom åra har kyrkja vore vølt fleire gonger, m.a. til 60 -årsjubileet i 1904 og 100-årsjubileet i 1963. Sistnemnde starta i 1952 med å reparere veggane, nytt sakristi vart oppført, og våpenhuset vart vølt. Innvendes vart kyrkja måla, golv og vindauge vart skifta ut og ny altartavle kom på plass. I 1998 vart taket grundig reparert.
(Kjelde: Vanylven kyrkje gjennom hundre år 1863-1963. 1963).

Kommune: 
Institusjonskategori: