Vatne kyrkje

Eldste kyrkja i Vatne stod på garden Vatne og var ei lita stavkyrkje utan tårn, mest sannsynlegvis frå 1300-talet. Ho vart påbygd fleire gonger, men var merka av mindre vedlikehald gjennom hundreåra. I 1761 vart kyrkja flytta til garden Os-gòtten og forandra frå stavkyrkje til ei større krosskyrkje i tømmer. Krosskyrkja vart etter kvart for lita, og ei ny vart reist på same tomta. Altartavla var laga av Jakob Sørensen Giskegaard i 1763 og er den same som står i Vatne kyrkje i dag. Tavla vart måla oppatt av K.D. Stafset til innviinga av den nye kyrkja. Ny kyrkjeklokke var på plass i 1948 og orgel innkjøpt i 1952.
Kyrkja fekk nytt sakristi i 1958 og vart restaurert i 1979 og 1984-86. (Kjelde: Fylling, Ludvig: Vatne kyrkje frå 1868 til 1968. 1968).

Kommune: 
Institusjonskategori: