Veøy gamle prestegard

Veøy prestegard vart oppført omlag 1750. Hovudbygninga omfattar to lafta tømmerhus med ståande panel på to etasjar. Den søre delen vart bygd og vedlikehalde av kyrkjelyden, mens presten sytte for den nordre. I 1898 flytta den siste presten til fastlandet. Garden vart forpakta bort fram til 1905 då familien Coucheron-Aamot kjøpte han for 8.000 kroner. Prestegarden vart sidan gitt som gåve til Romsdalsmuseet.
I 1970 vart nordre del av Veøy, der Veøy kyrkje og prestegarden ligg, freda som verna natur- og kulturlandskap (landskapsvernområde). Veøya er Noregs første landskapsvernområde med eit areal på omlag 350 dekar.
(Tekst/foto: Romsdalsmuseet).

Kommune: 
Institusjonskategori: