Vestnes kyrkje

Første gong kyrkja på Vestnes er nemnt, er i den Trondhjemske Reformats av 1589. Det var mest sannsynleg ei stavkyrkje som vart rive i 1680 avdi ho var roten og sto til nedfalls. Ei ny korskyrkje vart oppsett i 1681. Krusifiks og altartavle vart med frå stavkyrkja og vidare til kyrkja slik ho står i dag. Krusifikset på altaret er frå 1639 og ber Jens Bjelke og kona hans sitt namn. Altartavla er frå tida rundt 1640 og vart måla av Elias Fiigenschoug. Orgel fekk kyrkja i 1920, dette vart skifta ut til kykjejubileet i 1972. Kyrkja vart måla innvendes i 1905, under restaureringa i 1972 og utpå 1990-talet. Orkanen i 1991/92 gjorde store skader på kyrkja slik at ho måtte strammast opp og forsterkast i konstruksjonane.
(Kjelde: Jubileumsskrift til 125-årshøgtida for Vestnes kyrkje. 1972).

Kommune: 
Institusjonskategori: