Vigra kyrkje

Det har vore kyrkje på Roald på Vigra sidan 1400-talet. I 1756 vart ei stavkyrkje, Mariakyrkja, skadd av lynet og måtte rivast. Ei ny vart bygd opp på same staden, men vart rive i 1890-åra grunna manglande vøling. Den nye kyrkja vart oppført midt på øya. Kyrkja kan minne om ein liten katedral, mykje grunna søyleradene som deler kyrkjeskipet i tre. Kyrkja har vore vølt etterkvart som behovet har vore der. I 1910 fekk kyrkja eit orgel i tre som vart skifta ut med eit i metall i 1975. I 1966 vart kyrkja restaurert og måla innvendes. Kyrkjeskipet, som er kopi av ein Sunnmørsåttring, er laga av Nils O. Synnes. Kyrkja har 2 altartavlar: I koret står eit målarstykke av kunstnaren Jacob Bratland (1893) med motiv av Jesus som går på vatnet. Til venstre for koret står den gamle altartavla som opphavleg stod i gamlekyrkja som vart rive i 1890-åra. Denne altartavla er laga av Jakob Sørensen Giskegaard (Tavle-Jakob) i 1758.
Kyrkja vart sist restaurert i 1993.
(Kjelde: Vigra kyrkje 100 år. 1994).

Kommune: 
Institusjonskategori: