Viken gard

Augustinius Bastian With bygde dei husa som no er på Viken gard. Han dreiv også landhandel ei tid. Vektlodda og protokollen hans er framleis å finne på garden.
STOVA på 75kvm vart oppført i 1880, og ombygd omlag 1914. Heile huset er fullt utstyrt med innbo som for det meste skriv seg frå tida rundt århundreskiftet.
NAUSTET på 50kvm var av stavverk. Taket var tekt med teglstein produsert på Frei.
Garden var eit kombinasjonsbruk kor ein i tillegg livnærte seg av "småsjyn". Den opne motorbåten "Eikja" (1915) var ein av dei første motorbåtane i Frei. Båten står no i Milnbrygga, Nordmøre Museum. I naustet stod òg ein geitbåt. Han vart knust då delar av taket fall ned. Restane av geitbåten finn ein på Nordmøre Museum. Naustet vart rive i 1993.
LØA vart bygd omlag 1880, påbygd i 1937, og romma ein buskap på 4-5 vaksne naut. Det var eigne rom for høns og gris. Løa hadde køyre- og låvebro, silo og høystål. Elles inneheld den lafta delen stall, kufjøs og smalfjøs.
SAGA vart opphavleg drive av vasskraft. Bygninga har ein låve som m.a. har vore nytta til korntresking og materiallager. SNEKKERVERKSTADEN inneheld mykje eldre handverktøy.
BRØNNHUSET vart teken av orkanen i 1987.
Frei ungdomsskole har sidan 1993 drive undervising på Viken gard og gjort omfattande restaurering av bygningane. Skolar, barnehagar og friviljuge organisasjonar legg turar og aktivitetar til staden.
Det er 6 kanoer på garden som kan leigast, samt ein flott natursti med informative skilt om naturen rundt.
(Kjelde: Frei kommune)

Kommune: 
Institusjonskategori: