Vistdal kyrkje

Gamle kjelder syner at det har vore stavkyrkje på Nerland i mellomalderen. Ei korskyrkje på Myklebostad frå 1660-åra avløyste stavkyrkja. Ei profilert fjøl frå stavkyrkja med årstalet 1657 innskore, er bevart på Romsdalsmuseet. Likeeins preikestolen frå korskyrkja, laga i 1665.
Det eldste inventaret i nykyrkja er kalken frå omlag 1850 og døypefonten og kyrkjeklokka, begge frå 1869. Kyrkja fekk orgel i 1902. Eit nytt vart sett inn i same orgelhuset i 1985. Trekorset i altartavla vart bytta ut med eit måleri av målar Abelsen frå Vestnes i 1939. Motivet er Jesu oppstode. Det vart innsett fire glasmåleri av Victor Smith i 1959 og 1962. Kyrkja vart restaurert i 1992.
(Kjelde: Austigard, Bjørn: Vistdal kyrkje 125 år : 1869-1994. 1994).

Kommune: 
Institusjonskategori: