Volda Bygdetun og Garverimuseet

Volda Bygdetun består av 16 hus ordna som ein vanleg sunnmørsgard frå midten av 1800-talet. Her kan ein sjå korleis folk har budd, jobba og levd før i tida. Det eldste huset er ei sengjabu (loft) frå 1500-talet. Eit skulehus med ei stor samling av gamalt skuleutstyr høyrer også til i bygdesamlinga. Tunet ligg vakkert til ved foten av Rotsethhornet og med utsikt over fjorden. Både Jonsok og Olsok blir feira i tunet. Ein del sundagar er det lefsebakst.

Kommune: 
Institusjonskategori: