Volda kyrkje

Arkitekt Arneberg er òg kjend for å ha teikna rådhuset i Oslo. Han har teke vare på katedralstilen i moderne byggemåte. Alt inventaret i kyrkja, med unnatak av antependiet, er teikna av Arneberg. Freskomålarstykket på altarveggen er laga av Hugo Lous Mohr. Alt handverk er gjort av lokale handverkarar.
I 1979 vart kyrkja utsett for ein mindre brann under galleriet etter lynnedslag. Kyrkja måtte difor pussast opp innvendes: vasking, reinsing og kvitkalking.

Kommune: 
Institusjonskategori: