Voll kyrkje

Kyrkja på Voll var først nemnd i Aslak Bolts jordebok frå 1432. Ei ny krosskyrkje med tårn vart bygd i 1674 og riven i 1896. Storparten av inventaret i krosskyrkja vart øydelagt eller spreidd under rivinga, men noko er bevart på Romsdalsmuseet, Pål-museet i Bø og i dagens kyrkje. Kalken er frå 1648. Altartavla i krosskyrkja var i rein barokk stil frå 1780 og skoren av Jakob Sørensen Giskegaard (Tavle-Jakob). Tavla står no i Bergen museum. Altartavla i dagens kyrkje er laga etter skisse frå kunstmålar Even Ulving med motiv "Jesus i Getsemane". Kyrkjeklokka frå 1833 vart flytt over til nykyrkja der ho tente i 100 år, før ho vart send til omstøyping i Tønsberg. Kyrkja vart restaurert innvendes i 1963 med Ole Lind Schistad som fargekonsulent. I 1993 vart kyrkjegolvet restaurert. Orgelet kom til kyrkja i 1926, men vart bygd allereie i 1840 av Peter Adolph Albrechtsen for Mandal kyrkje. Orgelet er eit stykke solid handverk og eit klenodium. Det er òg eineståande ved at det ikkje er endra vesentleg sidan det vart bygd. Det har vore restaurert nokre få gonger utan å endre vesentlege detaljar.
(Kjelde: Wold, Aage: Voll kyrkje 1896-1996. 1996).

Kommune: 
Institusjonskategori: