Ytste-Skotet

Ytste Skotet. Fotokjelde: Ytste Skotet, Stiftinga Sunnmøre museum.
Ytste Skotet. Fotokjelde: Ytste Skotet, Stiftinga Sunnmøre museum.

På ei fjellhylle 225 meter over Storfjorden i Stordal kommune ligg veg- og stramlause Ytste Skotet, eit museum, leirskule og gardsbruk. Foreninga Storfjordens Venner er eigarar, mens drifta er ved Stiftinga Sunnmøre Museum. Her driv vi så langt det er rå slik som det var i førindustriell tid og det har mest truleg vore busetnad her heilt sidan vikingtida.

Born i alle aldrar, og sjølvsagt andre vitjande, får vere med på den praktiske drifta med matlaging på vedomn og grue, åker og vedarbeid, stell av dyr og bruk av naturen. Naturen på Ytste Skotet er heilt spesiell. Rundt 80 mål med artsrike slåtte-enger og slåttemyrer har vorte restaurert og er skjøtta på ein måte som held i hevd det biologiske mangfaldet. Her står kulturlandskapet, gamal kunnskap om berekraftig bruk av naturen, sjølvberging og formidling av tradisjonar, kulturarv og identitet i høgsetet!

Den lettaste og mest nytta tilkomsten er å ta båt frå Dyrkorn på andre sida av fjorden. Enten kan de komme med eigen båt, eller så kan de bestille skyssbåt. Etter båtturen må du gå ein bratt sti opp til garden. Dei fleste treng rundt ein halv time på veg opp till 225 moh. Stien er grei å gå, ingen luftige plassar for folk med høgdeskrekk! Ein annan tilkomst er over fjellet frå Ramstaddal i Sykkylven. dette er ein flott overgangstur som tek omlag 3 timar.​

(Kjelde: Ytste-Skotet)

Kommune: 
Institusjonskategori: