Ørjan Burøe: Fordommer

Fordommer. Pressefoto. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Fordommer. Pressefoto. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Fredag, 10 mars, 2017 klokka 21:00

Dette er Ørjan Burøe si alle første soloframsyning. I over 18 år har han reist rundt som komikar, men det er først no han står åleine. Og Ørjan står stolpestøtt!

Dette er ei framsyning som røskar deg i sjela, og han rører seg hårfint på kniveggen heile vegen. Med nærare 50% skilsmisser i året meiner Ørjan det er på tide at ein tek seg sjølv, forholdet og borna på alvor. Framsyninga tek tak i tabubelagde tema som sjalusi, sorg, fordommar, men også dei trivielle kvardagslege tinga vi kanskje ikkje snakkar så mykje om. 

Ørjan er ein komikar med særs mykje på hjarte, og det tok ikkje lang tid før bloggen hans var blant Noregs mest leste. Med lang fartstid på radio, TV og ikkje minst scene er dette ei artig og sterk framsyning med tette punchlines, som gjer at du ler og ler og ler og kanskje til og med gret ein liten skvett.

 

(Terning 5) En morsom østlending - Bergensmagasinet Link: http://bergensmagasinet.no/aktuelt/buroe/ (SSSSS) Ler så jeg nesten griner - Studvest Link: http://www.studvest.no/hold-deg-til-manus-du-buroe/

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.