Benny Borg: Da og nå

Benny Borg. Pressefoto. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Benny Borg. Pressefoto. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Søndag, 29 oktober, 2017 klokka 18:00

BENNY – DA OG NÅ

Endeleg her den her! Framsyninga der Benny Borg er Benny Borg – med heile historien og alle låtene. Slagrane, med dei velkjende melodiane og enkle men kjenslevare tekstane, kjem som perler på ei snor: En spennende dag for Josefine, Den store dagen, Balladen om Morgan Kane, I love Norwegian country, God morgen min kjære og mange, mange fleire.

Eit gjenhør med Benny sine eigne låter minner oss om hans genuine evne til å kombinere fengande melodiar med tekst, som med kjenslevare og skarpe observasjonar treff oss alle.

Allsidig som få, det gjer det vanskeleg å plassere han i ein bestemt kategori. Benny Borg står for noko eige og heilt unikt innan norsk underhaldningsmusikk!

Med godlynt sjølvironi fortel Benny også små anekdoter frå sin barndom i Sverige, og muntre historier om artistlivet. Alt akkompagnert av gitaren.

Gjennom denne konsertframsyninga opplev vi Benny som visesongar, gjøglar,showman og imitator. Med andre ord; som den allsidige og fleksible kunstnaren han er.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.