Brit Floyd - Immersion World Tour 2017

Brit Floyd. Immersion World Tour 2017. Pressefoto.
Brit Floyd. Immersion World Tour 2017. Pressefoto.
Torsdag, 12 oktober, 2017 klokka 19:30

Du kjem ikkje nærmare å oppleve Pink Floyds storheit, enn ved å sjå og høyre det sensasjonelle showet til publikumsfavorittane Brit Floyd. Med sin Immersion World Tour 2017 lovar dei å levere det beste og hittil mest ambisiøse av Pink Floyds storslagne liveuttrykk, og du kan oppleve dei i Ulsteinhallen torsdag 12. oktober!

Brit Floyd – The World’s Greatest Pink Floyd Show, returnerer til Europa i 2017 for å presentere Immersion World Tour 2017, som med finesse og eksplosivitet byr på tokninger av det beste frå heile Pink Floyd si karriere. Brit Floyd signerar med ein lyd-, lys- og videooppleving så spektakulært at det ville gitt sjølv legendene i Pink Floyd bakoversveis.

Brit Floyd-showet har etablert seg som eit must see-fenomen i rocken – og er sett på som den beste live-hyllesten til det legendariske bandet Pink Floyd. Med stor respekt og nøyaktigheit, skaper Brit Floyd i 2017 de sensasjonelle dimensjonane frå Pink Floyds finaleturné i 1994 – The Division Bell tour. Dei som kjenner denne legendariske turnéen veit at det bl.a. betyr sirkelskjermer, storslått lysdesign, laser og flust av teatralske element.

Den nye forestillinga inkluderer musikk frå eit breitt spekter av Pink Floyd sine mestselgande album, inkludert The Dark Side of the Moon, Wish You Were Here,The Wall og The Division Bell, samt ein spesiell hyllest til Animals, som i 2017 markerer 40 års jubileum. Her får Sunnmørspublikumet ei unik konsertoppleving, med Pink Floyd-perler på rekke og rad.

The perfect rock show’ - LA Times

Magnificent… a musical masterpiece – Ticketmaster

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 520,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting i samband med konserten, ligg Quality Hotel Ulstein sentralt til i Ulsteinvik sentrum. Ta gjerne kontakt med dei for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.

 

Billettar i sal frå fredag 10. mars kl 09.00.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.