Eva Weel Skram

Eva Weel Skram. Pressefoto. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Eva Weel Skram. Pressefoto. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Søndag, 12 november, 2017 klokka 19:00

Eva Weel Skram, som for mange er kjend frå bandet Eva & The Heartmaker, har hatt to fantastiske år bak seg etter at ho deltok på Hver Gang Vi Møtes. Der song ho seg inn i mangt eit hjarte, mellom anna med sin nydelege versjon av Henning Kvitnes’ Evig Eies (kun et dårlig rykte).

Sidan den gong har ho, saman med sin ektemann og gitarist, Thomas Stenersen, alt rukke å turnere Norge rundt for fulle hus fleire gongar. På samvitet har ho, mellom anna to utselde hus i Operaen i Oslo og ei drøss med festivalopptredenar, for å nevne noko. Fjoråret vart toppa med tittellåten «Selmas Sang» til NRKs nye juleklassikar «Snøfall», som vart svært populær i dei tusen heimar. I tillegg vart ho i 2016 mor for første gong, og medan livet som turnerande småbarnsforelder er utfordrande, finn Eva styrke i dei fantastiske tilbakemeldingane ho får frå publikum, same kvar ho spelar konsertar.

Med seg på turné i haust har ho heilt nye låtar frå sitt første norskspråklege album som er under innspeling no, i tillegg til utvalgte låtar frå Hver Gang Vi Møtes, gamle hits ikledd nye drakter og ei og anna overrasking. Eva er ikkje framand for å by på seg sjølv frå scena, så om du har lyst å bli betre kjend med både Eva og den nydelege stemma hennar, er det berre å gle seg til konsert.

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.