Fjord Cadenza - Intimkonsert, klassiske perler

Philippe Quint. Pressebilete. Lisa-Marie Mazzucco / Courtesy photo. Kjelde: Fjord Cadenza.
Philippe Quint. Pressebilete. Lisa-Marie Mazzucco / Courtesy photo. Kjelde: Fjord Cadenza.
Onsdag, 15 august, 2018 klokka 20:00

Philippe Quint, Marianne Beate Kielland, Natallia Papova. Kombiner gjerne denne flotte intimkonserten med artistar i verdsklasse med ein betre middag i hotellets restaurant.

Det er ei stor ære og glede å ønske den verdskjende fiolonisten Philippe Quint velkomen til årets Fjord Cadenza festival! Quint er ein stor virtuos, og er rekna blant verdas fremste nolevande utøvarar på sitt instrument! Quint er ein skikkeleg friskus, og han gler seg stort til å kome til Norge for første gong.  I tillegg til å begeistre det sunnmørske publikummet har han store planar om å få ein smakebit av dei vakre sunnmørsfjella!

 

Philippe Quint vart fødd i 1970 i den rike musikalske kulturen i Leningrad, Sovjetunionen (no St. Petersburg, Russland). Mora Lora, er ein kjend komponist og onkelen Mischa er ein etablert cellist. Philippe studerte på Central Music-skulen for talentfulle born i Moskva, med Andrei Korsakov, og fekk sin orkesterdebut i ein alder av ni år med Wieniawski sin fiolinkonsert  nr. 2. Philippe emigrerte til USA i ein alder av sytten år, og studerte på The Juilliard School, der han fekk både Bachelor og Mastergrader. Der fekk han også instruksjon, som så mange andre frå denne perioden, frå mellom andre dei særprega pedagogane og mentorane Dorothy DeLay, Cho-Liang Lin, Maseo Kawasaki og Felix Galimir. Han deltok også i Masterstudier med Isaac Stern, Itzhak Perlman og Arnold Steinhardt og Felix Galimir.

 

Philippe har mellom anna vorte hylla av Daily Telegraph (UK) for sin "varme poetiske lyrikk». Engasjementet hans for å utforske forskjellige stilar og sjangrar med ein prisvinnande diskografi gjer at Philippe Quint har befesta seg som ein av de fremste nolevande fiolinistane.

Spelinga hans er representativ for Juilliard School sine mest framifrå, ferdigutdanna studentar frå denne perioden. Ein lys tone i dei høgare registera, slått saman med ein varm vibrato, gjer at lydane i nedre del av instrumentet vert fulle og resonante. Sjølvsagt er hans venstrehandsteknikk suveren, og stilistisk passer spelinga hans forma som er etablert av mange prominente samtidsmusikarar.

 

Philippe Quint har motteke fleire Grammy-nominasjonar for sine to album av Korngold og William Schuman Concertos, og han er ettertrakta solist med store orkester på dei største scenene over heile verda, som til dømes Gewandhaus i Leipzig og Carnegie Hall i New York. Dei siste opptredane hans med orkester har mellom anna funne stad i London, Los Angeles, Chicago, Detroit, Indianapolis, Seattle, Toulouse, New Jersey, Minnesota, Bournemouth , Houston, Weimar Staatskapelle, Royal Liverpool, China National, Orpheus, Berlin Komische Oper og Leipzigs MDR på Gewandhaus.

 

Quint sine live-opptredener og intervjuer er kringkasta på store TV-stasjonane, som til dømes på CBS, CNN, ABC, BBC World News, NBC, Reuters, Bloomberg TV og i ymse radiostasjonar, samt NPR, WNYC og WQXR.

 

 

10 kjappe med Quint: https://www.youtube.com/watch?v=X4ha5eEHxfU

 

Philippe i Valse Triste:    https://www.youtube.com/watch?v=fKvwEk0UX78

Stad
Gomerhuset
Stadionvegen 25
6260
Skodje
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.