Folk og røvere i Kardemomme by

Tegning: Thorbjørn Egner.
Tegning: Thorbjørn Egner.
Torsdag, 22 februar, 2018 klokka 18:00

Det blir fest i Kardemomme by. Og du er invitert!

I Kardemomme by bur gamle Tobias, pølsemakaren, trikkeførar Syversen og barberar Sørensen. Tommy og tante Sofie og vesle Kamomilla. Og politimeister Bastian som aldri har lyst til å arrestere nokon. Rett utanfor byen bur det tre røvarar som heiter Kasper, Jesper og Jonatan. Dei har også lyst til å vere med.

Har du hugsa å vaske øyra dine? Då kan du trygt ta med deg barna på Riksteatrets oppsetning av Folk og røvere i Kardemomme by - ei teaterframsyning full av energi, humor, dans og masse musikk. Du kjem til å møte ein frekk papegøye, ein talande kamel og ei løve som er glad i mjølkesjokolade. Bli med inn i verda til Egner og opplev den magiske teaterstemninga på kulturhuset der du bur.  Røvarane gler seg til å helse på barna som kjem på besøk.

Med Kim Haugen i registolen og eit ensemble fylt av unge, nye talent ønskjer vi å innlemme ein ny generasjon i den felles kulturarven vår.  Ja, vi elskar Thorbjørn Egner!

Premiere i Nydalen, Oslo 2. november 2017

Turnépremiere på Nøtterøy 7. november 2017

På turné med Riksteatret til 70 stader over heile landet

Regissør: Kim Haugen. Scenograf og kostymedesignar: Siri Langdalen. Med Siren Jørgensen, John Sigurd Kristensen / Morten Røhrt, Jonas Rønning, Linda Tørklep, Jon Rørmark / Tor Ivar Hagen, Morten Røhrt / Lars Helge Throndsen, Olli Wermskog / Mathias Luppichini, Mats Holm / Øyvind Boye Løvold, Mikkel Niva / Erik Schjerven, Carina Furseth, Theodor Hellwig, Jan Huse.

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Hålogaland Teater.

Speletid: ca. 2 timar (inkl. pause).

Billettprisar:

Ordinær 250 kr (barn, vaksen, pensjonist, student)

Familiepris (grupperabatt for 4 eller fleire) 205 kr

Samarbeidspartnarar 205 kr. Må oppgje kode frå Bokklubben, Utdanningsforbundet, Sjukepleiarforbundet, ARK, Teatrets Venner, DNB-tilsette.

Coop-medlem 200 kr (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp)

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@orstakulturhus.no eller kinokiosken på telefon 70 04 55 00. Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@orstakulturhus.no

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.