Good ol' Boys - Benoni og Ottar "Big Hand" Johansen

Arne Benoni og Ottar Big Hand Johansen. Pressebilete. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Arne Benoni og Ottar Big Hand Johansen. Pressebilete. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus
Laurdag, 18 mars, 2017 klokka 19:00

Dei har halde på så lenge vi kan hugse. Etterspurde og folkekjære i heile Skandinavia er dei Suliskongen og Lofotsheriffen!

Dei er good ol'boys - trygge, hardføre, ramsalte karar med djupe røter i eit dramatisk landskap av fjell og jord, hav og strie straumar. Begge har enorm respekt for dei nådelause omgjevnadane der kystfolk til alle tider har klora seg fast, trassa iskald storm, frådande regn og illsinte bølgjer, ofte med livet eller håpet som innsats.

Saman utgjer Arne Benoni og Ottar Big Hand Johansen eit kraftsenter på vår musikalske arena. Duetten "Good Ol' Boys er lansert som single og video allereie ute. Full CD med tittelsporet samt heilt nyskrivne låter sleppast 1.februar 2017. 

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.