Ingvard Wilhelmsen // Sjef i eige liv

Ingvard Wilhelmsen. Pressefoto. Fotokjelde: ID-huset.
Ingvard Wilhelmsen. Pressefoto. Fotokjelde: ID-huset.
Måndag, 15 januar, 2018 klokka 19:30

"Sjef i eget liv". Professor emeritus Ingvard Wilhelmsen er spesialist i indremedisin og psykiatri, og har i 22 år drevet en liten Hypokonderklinikk i Bergen. Han har skrevet 5 bøker på norsk, bl.a. "Livet er et usikkert prosjekt", "Sjef i eget liv", "Kongen anbefaler" og "Det er ikke mer synd på deg enn andre"

Sjefen for Hypokonderklinikken i Bergen kjem til Brattvåg for å halde foredrag på Ingebrigt Davik-huset mandag 15.januar.

Ingvard Wilhelmsen er professor emeritus ved Universitetet i Bergen og spesialist i indremedisin og psykiatri. Han har i 22 år dreve ein liten Hypokonderklinikk. Han er godkjent veiledar i kognitiv terapi og har skreve 5 bøker, bl.a. "Livet er et usikkert prosjekt", "Sjef i eget liv", "Kongen anbefaler" og "Det er ikke mer synd på deg enn andre".

Ingvard Willhelmsen meiner at det meste her i livet kan ein ikkje gjera noko med, men korleis ein vel å forholda oss til det som skjer bestemmer me sjølv. Han tek opp haldningane våre til grubling og bekymring, liv og død, usikkerheit og risiko, fortid og framtid.

Han vil fortelja deg korleis du kan bli sjef i ditt eige liv, og ikkje la bekymringar styra kvardagen.

Eit motiverande og morosamt foredrag for einkeltmennesket på heimebana eller i arbeidslivet, dette bør alle få med seg!

Stad
Ingebrigt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.