Julekonsert med Oslo Gospel Choir

Oslo Gospel Choir. Foto: HiHat Management.
Oslo Gospel Choir. Foto: HiHat Management.
Laurdag, 9 desember, 2017 klokka 20:00

Inga jul utan at Oslo Gospel Choir er ute på sin årlege juleturne i desember. Gjennom to tiår har jula for mange vore nær knytt til lyden av denne legendariske sammensetninga av stemmer.

Konserten formidlar Oslo Gospel Choir`s unike sound, og den varme og nære julestemninga som har blitt varemerke for koret.

Dette er første konserten lagt til Ulstein Arena og sitjeplassane er fordelt på stolar på flatt golv og tribune. Unummererte plassar.

Billettar i sal frå torsdag 6. juli kl 09.00.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 440,-

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Overnatting og mat
Treng du overnatting eller ynskjer å ete i samband med konserten? Ta gjerne kontakt med Quality Hotel Ulstein for tilbod på overnatting og mat, telefon 70013000 eller epost q.ulstein@choice.no.

Stad
Ulstein Arena
Vikemyra 2
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: 

Kommentarar

Konserten skal vere på Ulstein Arena, Vikemyra 2. Kan det endrast? :) Billettsalet er på Sjøborg kulturhus si side.

Hei! Det er endra. Mvh Kulturnett MR

Sider

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.