Knut Anders Sørum med band

Knut Anders Sørum Band. Pressefoto. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Knut Anders Sørum Band. Pressefoto. Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Torsdag, 16 mars, 2017 klokka 19:30

Den 29.oktober 2016 vart Knut Anders Sørum den første mannlege artisten som har vunne NRK sin STJERNEKAMP nokonsinne!

Den store stemma hans, formidlingsevna og hans trivelege vesen har sjarmert heile Noreg. Dei siste 20 åra har Sørum levd og arbeidd som artist, låtskrivar og musikar. Ei kritikerrost Prøysenplate i 2010 vart etterfulgt av ei soulplate på totning-dialekt i 2013 der Sørum står bak alle låtene sjølv. Dette førte mellom anna til det ærefulle oppdraget som oppvarmingsartist for Stevie Wonder på Kongsberg Jazzfestival i 2014.  

Den 21.oktober 2016 lanserte Sørum sitt neste album, også dette på dialekt, og med låter skrivne av Sørum sjølv. Denne gongen vart albumet produsert av legendane Kjetil Bjerkstrand og Erik Hillestad. Albumet er skildra som innovativ groovy pop med soulvokal. Anmeldarane er begeistra også denne gongen.

Med låter frå heile karrieren, med eit strålande band og særs godt humør kjem Sørum no til Ørsta kulturhus!

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.