Kor Løye - musikalsk og kulinarisk påfyll

Kor Løye. Pressebilete.
Kor Løye. Pressebilete.
Laurdag, 25 november, 2017 klokka 19:00

Indre Sunnmøre sitt mest sjarmerande damekor, Kor Løye (sjølvsagt!), kviler ikkje på laurbæra.  No inviterer dei deg til konsert i Storfjord Kulturhus den 25. november.

Også denne gongen deler dei scena med fleire gjesteartistar. Kven dette er vil dei ikkje avsløre heilt enda, men vi kan røpe at det nystarta strandabandet 3 Skjorter og 1 Skjørt, med Katrine Langlo, Morgan Pedersen, Aksel Helstad og Erik Torset kjem til å ha sin debut med fleire nummer denne kvelden.

Kor Løye ønsker å tilby publikum ei komplett konsertoppleving med god musikk, og god mat og drikke. Det blir lun stemning med småbord i salen.

Karakterane frå påskekabareten «Skinke til besvær» kjem også til å vere til stades denne kvelden for å kaste glans over arrangementet. 

Mariann frå Grillstad, Jan Gisle frå Tind, Olianna frå Ole Ringdal, Jonny og Lars-Per frå Frøysa Ost og Ymse anna Snadder, Eli-Bente - dagleg leiar og marknadssjef på Skinkerådhuset, Camilla - skjønnheitsdronning og pengesil, og Bladfyken frå Sunnmøringen.

Saman med dei flotte musikarane i bandet vonar damene i Kor Løye at dette kjem til å verte ein fantastisk heilaftan i Stranda si storstove.

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: 
Tema: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.