Ola Kvernberg: Steamdome

Steamdome. Foto: André Løyning. Fotokjelde: Kultur i Ålesund.
Steamdome. Foto: André Løyning. Fotokjelde: Kultur i Ålesund.
Fredag, 19 oktober, 2018 klokka 20:00

Ola Kvernbergs Steamdome har i løpet av det siste året utvikla seg til å bli eit fullverdig band.

Det  Spellemannsnominerte  første  albumet  kom ut  på  Grappa  Musikkforlag 1.desember, og  sjelden  har  eit  instrumentalt  album  som  dette  fått  like  brei  anerkjennelse  frå  musikkpressa.  Ola  Kvernberg  og  Steamdome  gjer  seg  no  klare  for  å  innta  dei  store  festivalscenene  sommaren  2018,  og  legg  ut  på  ein  omfattande  Noregsturne  i  oktober  og  november.

Steamdome  er  reindyrka  perkussiv  musikk.  Progressiv  og  brutalt  fremadstormande  som  eit  løpsk  tog.  Livsbejaande,  surrealistisk  og  svulmande  som  Sergio  Leones  spaghetti-westerns.  Steamdome  dampar  av  visuell  energi.  Musikken  snor  seg  mellom  steile  klipper,  enorme  panorama,  krappe  svingar,  stup  og  nattlandskap  der  det  einaste  haldepunktet  du  har,  er  den  suggerande  rytma  frå  eit  tog  som  aldri  stansar.

Ola  Kvernberg  har  håndplukka  eit  hardtslåande  maskineri  av  musikarar  til  Steamdome.  Lokomotivet  blir dreve  framover  av  trommisane  Erik  Nylander  (Mechanical  Fair,  Liarbird),  Børge  Fjordheim  (Morten  Abel,  Sivert  Høyem,  Monica  Heldal)  og  Hans  Hulbækmo  (Broen,  Atomic,  Moskus)  saman  med  bassist  Nikolai  Hængsle  Eilertsen  (BigBang,  Elephant9,  Band  of  Gold).  Forutan  Ola  Kvernberg  sjølv  på  fele,  bratsj  m.m.  sørgjer  gitaristen  og  altmuligmannen  Øyvind  Blomstrøm  (El  Cuero,  Odd  Nordstoga,  Stein  Torleif  Bjella),  den  nytenkande  organisten  Daniel  Buner  Formo  (Trondheim  Jazzorkester,  Kobert,  Formo  Tre  &  Metall),  lydmann  Tor  Breivik  og  lysdesignar  Ingrid  Skanke  Høsøien  for  at  alt  går  på  skinner.

Stad
Parken Kulturhus
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.