Ragnhild Aamås - Flyt - Vestlandsutstillingen 2018

Alle rettigheter og foto: Ragnhild Aamås.
Fredag, 24 august, 2018 klokka 00:00
Laurdag, 25 august, 2018
Søndag, 26 august, 2018
Måndag, 27 august, 2018
Tysdag, 28 august, 2018
...og vidare enda fleire datoar.
Vis/skjul alle datoar

Ragnhild Aamås arbeider undersøkande og metodisk, i formsjangrar som collage, skulptur, foto, appropriasjon, tekstopplesing og lyd. Verka hennar har eit minimalistisk uttrykk og er svært tett knytt til hennar eigne tekstar. Ho er oppteken av rammene til det offentlege og det private, og vil blant anna arrangere samtalar og lesegrupper i samband med utstillinga.

Sjølv skriv Aamås:

Vi er vant til å tenke at det er vegar, tunnellar og toglinjer som lagar forbindelsar, ein essensiell infrastruktur for å nå fram. Men lenge før vegar, medan skogar gjorde innlandet fjernare enn kyststripa, medan rutene gjekk over snaufjellet, var sjøen den beste reisevegen.

I utstillinga “Flyt” undersøker eg etterverknaden av oppbrot, heimstadleiting og tilhøyrsle mellom to kontinent, to byar skild av hav. Og biletverda som omgjev desse hendingane.

"Flyt" er ei undersøkande utstilling om kva ikonografiske markørar sitter igjen i ei konsolidering og samtidig oppbrotsfase, der det tradisjonelle vert hogd i stein, der det før har vore tradert, skifteleg og munnleg.

Separatutstillinga vert kuratert av Randi Grov Berger og inngår i Vestlandsutstillingen 2018 (VU18), ei annleis utgåve av den tradisjonelle landsdelsutstillinga. VU18 består av seks separatutstillingar, og inkluderer visningsstadane Kunsthuset Kabuso, Sogn og Fjordane Kunstmuseum i samarbeid med Sunnfjord Kunstlag, Haugesund Billedgalleri i samarbeid med Haugesund Kunstforening, Jugendstilsenteret og KUBE, Entrée og Kunsthall Stavanger. VU18 presenterer kunstnarane Ragnhild Aamås, Magnhild Øen Nordahl, Trudi Jaeger, Eivind Egeland, Karen Skog og kunstnarduoen Blomgren & Skuladottir, som samla utgjer ein breidde i det som skjer på den vestlandske kunstscena.

Ragnhild Aamås (f. 1984, Volda) bur og arbeider i Oslo. Aamås er utdanna ved Central Saint Martins College of Art and Design i London, Kunsthøgskolen i Oslo og har i tillegg utdanning innan arkeologi frå Universitetet i Oslo. Aamås er med å drive det kunstnarstyrte visningsrommet Podium (etabl.2003) i Oslo, saman med kunstnarane Ignas Krunglevicius og Ayatgali Tuleubek.

Kunstner: Ragnhild Aamås

Kurator: Randi Grov Berger

Produsent Jugendstilsenteret og KUBE: Benedikte Holen

Sted: Overlyssalen

Stad
Jugendstilsenteret og Kunstmuseet KUBE
Kommune: 
Kategori: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.