Riksteatret: Albert & Anna

Albert & Anna. Foto: Riksteatret.
Albert & Anna. Foto: Riksteatret.
Laurdag, 30 september, 2017 klokka 18:00

Av Frode Grytten. Regi Hildegun Riise

Kjærleik gjennom livets årstider

Frode Grytten er ein av våre mest folkekjære forfattarar, og med dette stykket har
han laga ei varm og vakker hyllest til livslang kjærleik. Vi kjem tett inn på Albert og Anna, to eldre menneske, som har elska kvarandre gjennom eit langt liv. Albert & Anna er historia om heilt vanlig kjærleik, den kjærleiken som ikkje blir sett av andre enn dei som deler han.

Som livspartnarar har Albert og Anna dyrka sin hage slik dei har dyrka kvarandre. Men no er Anna i ferd med å forsvinne, og når ho blir borte, er også Albert redd for å miste seg sjølv. I stykket treff dei igjen den unge Anna og den unge Albert. Humoristiske og varme tilbakeblikk skildrar samliv og samhald gjennom vekslande årstider.

Grytten fortel med dette ei sterk kjærleikshistorie. Han er elska for sine ærlige, morosame og gjenkjennelige forteljingar om vanlige menneskes uvanlige liv, og står mellom anna bak suksessane Bikubesong og Sånne som oss. Regien er ved Hildegun Riise og kjærleiken blir tonesett av Espen Leite, kjent for sin uvanlig vakre tangomusikk.

 

«Den enkle gleda ved å stelle i hagen saman med nokon. Den enkle gleda ved å lage kaffi til nokon. Den enkle gleda ved å halde rundt nokon.  Han tenker at om han står slik lenge nok, så kjem ho tilbake.»

 

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Den Nationale Scene.

 

Kritikarvisning på Riksteatret i Nydalen, Oslo 18. mai 2017
Urpremiere på Den Nationale Scene i Bergen 23. mai 2017

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.