Senior-treff i Kultursalen i Gomerhuset

Ytre Suløens Jazzensemble. Foto: Skodje Pensjonistlag.
Torsdag, 25 oktober, 2018 klokka 18:00

YTRE SULØENS JAZZENSEMBLE

Skodje pensjonistlag har vore så, heldig å sikra seg Ytre Suløens Jazzensemble til Seniortreffet i kultursalen på Gomerhuset, torsdag. 25. okt.
Arrangementet er eit ledd i Kulturveka i Skodje.

Ytre Suløen vart starta i 1973, og fortsatt er ein av grunnleggarane i bandet, Einar Aarø, med på banjo. I over 40 år har Ytre Suløen sett sitt preg på den norske tradjazzen. Bandet har opp gjennom åra vore på turnear over heile Norge, men
og i Europa, USA,Asia og Afrika. Mange TV- og radioopptredener, 25 plateinnspelingar, festival- og kyrkjeopptredener, æresborgarskap av jazzhovudstaden New Orleans, samt samarbeid med ei rekkje kjende artistar. Musikarane i bandet gir ofte rom for personlege tolkningar og stilar, og konsertane kan difor verte inspirert av New Orleans si ånd, nemleg å underhalde, glede, og ha det gøy på scena. Tricia Boutte vert diverre ikkje med på denne konserten, då ho er på reise i New Orleans.

Sted
Kultursalen i Gomerhuset, Skodje

Tidspunkt
18:00 - 21:00

Påmelding
Bill. Kr. 250,- kan kjøpast på [www.gomerhuset.no], eller i tlf. 702 44 190 eller 412 35 188, eller v/inng. frå kl. 17.00.

Dørene opnar kI. 17.30.

Ledsagerbevis.

Kafe. Loddsal.

Alle er hjarteleg velkomne.

Stad
Gomerhuset på Skodje
Kommune: 
Kategori: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.