Thorvald Stoltenberg // Det handler om mennesker

Thorvald Stoltenberg. Pressebilete. Fotokjelde: ID-huset.
Thorvald Stoltenberg. Pressebilete. Fotokjelde: ID-huset.
Tysdag, 11 september, 2018 klokka 19:30

I dette foredraget fangar Thorvald publikum med anekdoter og historier – frå kvardagsliv til storpolitikk, møter med mennesker og historiske begivenheiter. Foredraget kombinerar alvor med humor. Gjennom eksempel og historier understrekar Thorvald kor viktig samarbeid mellom mennesker er – og at viljen til kompromiss er nøkkelen til tryggleik, utvikling og resultat.

Thorvald Stoltenberg har prega norsk politikk i ein mannsalder. Han er ein av våre mest folkekjære politikarar og har inntatt landets fremste posisjonar som utenriksminister, forsvarsminister og statssekretær, i tillegg til ei rekkje verv og andre posisjonar.

Det er likevel ikkje bare hans imponerande karrière som gjer han til ein spanande foredragshaldar. Ikkje eit foredrag med Thorvald er likt. Eit langt, lidenskapeleg liv har gjort han til ein av dei historieforteljarane som verkeleg gjer inntrykk på folk.

Thorvald fortel om store tema og små opplevingar, om alle dei menneska han har møtt, og ikkje minst kva han har lært av dei. Gjennom foredraga sine byr han på ei unik oppleving – ei du sjeldan vil gløyme.

Stad
Ingebrigt Davik-huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.