Tjalve og Roskva

Tjalve og Roskva. Teikning: Teatret Vårt.
Tjalve og Roskva. Teikning: Teatret Vårt.
Tysdag, 8 mai, 2018 klokka 18:00

Tjalve og Roskva førebur seg til eit stort kappløp. Tjalve er ein av dei raskaste til å springa, men plutseleg vert han så redd for å tapa at han ikkje vil vera med i løpet likevel.

Då kjem Roskva til å tenkja på den gongen dei var med Tor med hammaren til Utgard. Tor ville utfordra jotnane, slik at det ein gong for alle skulle verta klårt for heile verda kven som var sterkast, raskast og smartast av dei alle. Herskaren til jotnane, Utgards-Loke, ensa dei nesten ikkje då dei kom for å utfordra jotnane. Og kven var det Tor valde ut til å springa om kapp med Huge? Jau, Tjalve. Og då var ikkje Tjalve redd for å tapa i det heile.

Mytar er evig aktuelle. Dei fortel oss ikkje berre om for lenge sidan eller i gamle dagar. Mytar har ein eigen verdi. Når me set dei inn i vår tid kan dei fortelja om noalltid og kvar gong. Bli med Tjalve og Roskva inn i den norrøne mytologien – til den gongen guden Tor tok med seg to menneskeborn til Utgard for å kjempa mot jotnane; dei store kjempene.

Norrøn mytologi møter notida i denne leikne og morosame framsyninga fylt med fart og spaning for heile familien frå 6 år.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.