Lokalhistorie

Oversikt over nettstadar som fokuserar på lokalhistoria.
Tips oss om du kjenne til andre gode nettstadar med lokalhistorie.

Finn dine røtter i verdas største database på familehistorie.

Heimeside: ancestry.com

Her er samla mykje informasjon om Ålesundsbrannen i 1904, og om gjenoppbygginga av byen i Jugendstil.

Heimeside: Bybrann

Lista er henta frå bokbasen ved Ålesund bibliotek/Møre og Romsdal fylkesbibliotek. Fylkesbiblioteket har alle bygdebøkene i fylket.

Heimeside: Bygdebøker i bokbasen

Vel Bygdebøker under arbeid i listeboksen for Databasar og skriv Møre og Romsdal som søkjeord.

Heimeside: Lokalhistorie

Samarbeid mellom Historisk institutt ved Universitetet i Bergen og Statsarkivet i Bergen. Inneheld søkbare folketeljingar for 1801, 1865, 1875 og 1900. Her finst også søkbare emigrantprotokollar, passprotokollar, skipslister , o.l., samt ein del kyrkjebøker og skifteprotokollar.

Heimeside: Digitaltarkivet

Lokallag av DIS - Norge med interesse for slektsforsking og personalhistorie.

Heimeside: DIS

Dokumentasjonsprosjektet var eit samarbeid mellom de humanistiske miljøa ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Trondheim og Universitetet i Tromsø. Formålet med prosjektet har vore å ta i bruk moderne datateknikk i ei rekke av universitetas samlingar over språk og kultur i Noreg. Informasjonen som ligg i ulike arkiver og samlingar - i manuskript, katalogar, hefter, bøker eller på arkivkort - skulle gjerast elektronisk tilgjengelig. Prosjektet ble avslutta i 1997.

Heimeside: Dokumentasjonsprosjektet

Søkbar slektsdatabase i USA som mormonane står bak.

Heimeside: FamilySearch

Søkbar bildebase over historiske fotografi frå heile landet. Teneste frå Nasjonalbiblioteket i Rana.

Heimeside: Galleri Nor

Her finn ein fagdata og kartfestingar for Møre og Romsdal fylke innafor emne som befolkning og kultur, statistikk, energi og infrastruktur, forureining, geologi, kyst og fiskeri, landbruk, natur og miljø, samfunnsrisiko, satellitt og flyfoto, vær og klima, sjøkart sin hovudserie, grunnkart sjø og land, andre grunnkart og støttetema til grunnkart.

Heimeside: GisLink

Idealistisk organisasjon for slektsforskarar frå heile verda

Heimeside: IIGS

Nynorsk kultursentrum i Ørsta. Dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Eit av fire språkmuseum i verden.

Heimeside: Ivar Aasen-tunet

Landslaget er hovudorganisasjon for sogelagsrørsla i Norge. Omtrent 400 historielag med ca. 80 000 registrerte medlemmer

Heimeside: LLH

Inneheld mykje informasjon om Romanifolket og deira historie og kultur. Går du inn på Slektsforum finn du m.a. Eilert Sundt sine teljingar (inneheld namn og familieopplysningar) og historier om det han kallar "fantefolket". Landsorganisasjonen for Romanifolket (LOR) er ein landsdekkande medlems- og interesse- organisasjon for menneskjer av romanislekt - og andre interesserte som ønskjer å arbeide til beste for folket.

Heimeside: LOR

Norsk lokalhistorisk institutt. Statsinstitusjon under Kulturdepartementet som skal fremje lokal- og regionalhistorisk verksemd i Norge. Inneheld m.a. oversikt over pågåande bygdebokarbeid rundt om i landet

Heimeside: Lokalhistorie

Matrikkelutkastet frå 1950 er ei samling av omtrent 85.000 lister over fast eigedom i Noreg. Listene er ordna etter stigande gardsnummer innafor kvar kommune. Listene er utarbeidde av Finansdepartementet.
Matrikkelutkastet inneheld ikkje data for bykommunar. Ein finn med andre ord ikkje informasjon om Oslo, Bergen, Trondheim, osb. Derimot var ikkje kommunesamanslåinga komen så langt på denne tida, slik at ein td. kan finne informasjon om Strinda ved Trondheim.
På austlandet var Aker på dette tidspunktet innlemma i Oslo, så ein finn ikkje dette heradet i matrikkelen.
Matrikkelrevisjonen vart aldri fullført, difor manglar opplysningar frå Finnmark fylke, og dette er grunnen til at ein snakkar om eit utkast.
I listene finn ein namnet på gardsbruk, villaer, fridtidseigedomar, parsellar, offentlege og private institusjonar, osb.
Matrikkelutkastet er eit sentralt hjelpemiddel for namnekonsulenttenesta i staten, og vert brukt i arbeidet med å normere stadnamna. Fordi matrikkelutkastet også inneheld namnet til grunneigaren, kan arkivet også vere nyttig for personnamnforskarar.

Heimeside: Matrikkelutkastet

Norsk Slektshistorisk Forening (NSF) ble stiftet den 22. oktober 1926 og er Noregs eldste, riksdekkande foreining for slektsforskarar (genealogi). Foreiningas hovudmål er å gi ut publikasjonar som fremmer kunnskapen om slekter og slektsforsking.

Heimeside: NSF

Den nasjonale registreringssentralen ligg ved Universitetet i Tromsø. Inneheld også nokre søkbare kyrkjebøker frå fleire stader i landet, samt Gårdsmatrikkelen for 1886 for heile landet.

Heimeside: RHD

Eit historielag for det som før heitte Romsdal fogderi. I dag tilsvarar dette kommunane Aukra, Fræna, Midsund, Molde, Nesset, Rauma, Sandøy og Vestnes. Laget var stifta 25. august 1921.

Heimeside: Romsdals sogelag

Netteneste for slektforskarar.

Heimeside: Slekt.no

Her finn du mange flotte digitale basar som hekseprosessar, kyrkjeregister, ordbøker, ordbøker, namnegransking og språkbasar for norsk.

Heimeside: Språk og kulturhistorie