Aviser, radio og TV

Aviser, radio og tv i Møre og Romsdal med lenker til nettstader.

Avisa er lokalavis for Rauma kommune og ble grunnlagt i 1926. Avisa kjem ut tre dagar i uka. Den er eid av Romsdals Budstikke AS

Heimeside: Åndalsnes Avis

Aura Avis kjem ut tre dagar i veka og dekker kommunane Sunndal, Nesset og Tingvoll. Avisa vart stifta i 1947 og er ein del av A-pressa.

Heimeside: Aura avis

Politisk uavhengig lokalavis for Vestnes, Ørskog, Stordal, Skodje og Haram. Kjem ut onsdag og laurdag. Kontor på Sjøholt i Ørskog kommune.

Heimeside: Bygdebladet

Regionavis for indre Nordmøre og Nesset. Avise for kommunane Halsa, Rindal, Sunndal, Surnadal, Nesset og Tingvoll.

Heimeside: Driva

Uavhengig nettavis for Herøy.

Heimeside: Herøynytt

Møre er lokalavis for Volda og Ørsta. Avisa vart starta i 1810, med namnet Norsk Landboeblad, av Sivert Aarflot. Møre er landet si eldste lokalavis.  Det er etterkomarane etter Sivert som driv Møre. Møre si papirutgåve kjem ut tysdag, torsdag og laurdag. Møre si nettutgåve heiter mre.no. Det er Aarflots Prenteverk As som gir ut papir- og nettavisa.

Heimeside: MRE.no

Møre-Nytt er ei lokalavis for Ørsta- og Volda-regionen. Med eit opplag på rundt 5.700 eksemplar, er ho ei av dei største lokalavisene i fylket. Møre-Nytt held til på Nekken i Ørsta - midt mellom kyrkja, rådhuset, hotellet og frikyrkja.

Heimeside: Møre-Nytt

Nordre, tidligere Haramsnytt, er en lokalavis for Haram, Sandøy og Skodje. Avisen har sitt kontor i Brattvåg som ligger i Haram kommune

Heimeside: Nordre

Lokalavisa for Aure, Smøla og Tustna. Papirutavisa kjem ut på torsdagar, men det er verd å merke seg at nettutgåva bringer stoff som er høgaktuell den dagen nyheita kommer.

Heimeside: Nordvest nytt

NRKs nettstad er eit av Noregs største og tilbyr nett-tv, nett-radio, nyheiter, bakgrunnsinformasjon, bildegalleri, vertenesta Yr.no og ein rekke andre tenestar. Distriktskontora har sine eigne sider på nrk.no.

Heimeside: NRK MR

Nytt i Uka kjem ut kvar onsdag i eit opplag på 40.400. Distribueras gjennom Edda til alle husstandar i kommunane Ålesund, Sula, Giske, Skodje, Haram, Hareid, Ørskog, Sykkylven og Stordal. I tillegg distribueras avisa til poststadane Tomrefjord og Vestnes, og til abonnentar i inn - og utland.

Heimeside: Nytt i Uka

Lokalavis for Giske og vart etablert i 1985. Det er ei vekeavis som kjem ut på torsdagar. Avisa blir skreve på nynorsk.

Heimeside: Øy-blikk

Distriktsavis for Molde og omegn. Dekningsområdet er kommunane Molde, Rauma, Vestnes, Midsund, Aukra, Sandøy, Nesset, Eide, Gjemnes og Fræna. Avisa vart etablert i 1843.

Heimeside: Romsdals Budstikke

Lokalavis for Aure. Utgis på Kyrksæterøra i Sør-Trøndelag. Avisa kom ut fyrste gong i 1994.

Heimeside: Søvesten

Lokalavis for indre Sunnmøre med kommunane Norddal, Stordal og Stranda. Kjem ut kvar onsdag. Etablert i 1979.

Heimeside: Storfjordnytt

Student-TV leverer tv-serier og aktuelt redaksjonelt innhold fra Volda med fokus på studenter. STVVolda blei offisielt stifta 18. november 2008, av fire eldsjeler ved Høgskulen i Volda. Bak initiativet låg ein draum, ein draum om å produsere fjernsyn av og for studentar i den vakre bygdebyen i ly av Rotsethornet. Det lukkast ein med. 1. april 2009, hadde ein premieresending.

Nettstaden er organisasjonens eminente fjernsynskanal, med sendingar til ujamne tidsrom og stor glede. Der kan ein mellom anna oppleve aktuelle reportasjar frå det som hendar i Volda, TV-seriar med snert og spenstige konsept, kortfilmar, musikkvideoar og anna sprell, morro og sjøsprøyt.

Heimeside: Student-TV

Lokalavis for Sula med utgivardag kvar torsdag.

Heimeside: Sulaposten

Sunnmøringen er lokalavis for Stranda kommune, med rundt 4550 innbyggjarar. Sunnmøringen kjem ut to gonger i veka, onsdag og laurdag. Avisa har som mål å vere den viktigaste nyheitsformidlaren i Stranda kommune. Sunnmøringen vart starta i 1996, og er no eigd av Sunnmørsposten.

Heimeside: Sunnmøringen

Distriktsavis for Ålesund og Sunnmøre. Sunnmørsposten kom ut første gong 30. november 1882 som Søndmørsposten

Heimeside: Sunnmørsposten

Lokalavis for Sykkylven. Avisa kjem ut onsdag og fredag og redigeras på nynorsk.

Heimeside: Sykkylvsbladet

Lokalavis for Vanylven. Avisa vart grunnlagt i 1970.

Heimeside: Synste Møre

Tidens Krav er en lokalavis som gis ut i Kristiansund. Avisa dekker primært Nordmørsdistriktet, som består av 12 kommunar. De første opplagene ble trykt i 1906.

Heimeside: Tidens Krav

Lokalavis for Vestnes kommune. Etablert i 1990.

Heimeside: Vestnes Avisa

Avis som blir utgitt i Ulsteinvik. Vikebladet vart etablert i 1929.

Heimeside: Vikebladet Vestposten

Ein av programleverandørane til Studentradioane i Noreg.

Heimeside: Volda Studentradio