Norddal kommune

Norddal kommune er den 5. største i fylket i flatevidd, med eit areal på 941 km2.

Heile 98 % av kommunen er naturområde, og høgste fjelltoppen er 1999 m.o.h. Storfjorden deler kommunen i to. På sørsida ligg bygdene Norddal og Eidsdal, på nordsida ligg Valldal, Fjørå og Tafjord.Valldal er kommunesenteret, og knapt halvparten av innbyggjarane i kommunen bur der. Norddal ligg mellom Geiranger og Trollstigen, og store mengder turisttrafikk går gjennom kommunen.

Norddal sine konkurransefortrinn i marknaden er særleg knytte til naturgitte tilhøve som godt klima, vill og vakker natur og god plass. Primærnæringane landbruk og skogbruk vil alltid vere viktige for verdiskaping og busetting, men det store vekstpotensialet ligg truleg innafor tenesteproduksjon relatert til ferie og fritid. Den relative nærleiken til ein stor og kjøpekraftig nærmarknad i Ålesund og på ytre Sunnmøre gjer dette særleg interessant. I tillegg er det naturleg å utvikle nye helsetilbod i forlenginga av Muritunet opptreningssenter i Valldal.

Valldal er kommunesenteret, og kommunen har totalt ca. 1800 innbyggjarar. Kommunen har godt utbygde tenester både innan oppvekst og pleie og omsorg. Her er eit rikt kulturliv som skaper gode rammer for ein innhaldsrik kvardag.

Fjordhagen, som er namnet på næringshagen i kommunen, kan snart ta i bruk eit flott nybygg i kommunesenteret. Her kan ein tilby kontorlokale, eller rådgivning om det skulle vere behov for det.

Kulturlivet

Kommunen har eit rikt kulturliv med over 40 lag og organisasjonar som representerer eit breitt spekter av fritidstilbod. Kommunen var tidleg ute og etablerte musikkskule, som seinare har skifta namn til kulturskule. I fjor var det 20-års jubileum. Kulturskulen har saman med korpsa fostra fleire musikarar som no har musikken som levebrød. Her kan nemnast Stian Omenås, som for tredje gong skal arrangere Omenås musikkfestival i Valldal, og Ole Jørn Myklebust. På idrettssida er skiløpar Ann Eli Tafjord og skiskyttar Hans Martin Gjedrem flotte førebilde for den yngre garde. Norddal Trialklubb har også byrja å gjere seg markert på nasjonalt nivå. Anleggssida er godt utbygd i alle bygdelag, og det er jamn og god aktivitet på dei fleste områda. Fleire ballbingar er på plass, og dei fører med seg mykje positive aktivitetar. Kommunen har tre korps og aktive idrettslag i dei fleste bygdelaga. Det vert lagt ned ein uvurderleg innsats frå frivillige, og dette er med på å gjere kommunen til ein god stad å bu.

Verdsarv

Delar av kommunen har saman med Geirangerfjorden kome med på UNESCO si verdsarvliste på grunn av sine framståande geologiske verdiar, levande setermiljø og det unikt vakre landskapet. Ei storslått markering 12. juni 2006 var med og viste det fantastiske mangfaldet vi lever i.

Turisme

Norddal ligg midt mellom Trollstigen og Geiranger, og har kort avstand til mange andre kjente reisemål. På grunn av sitt gode klima er det svært mange som vil vere i kommunen. Stadig fleire får augene opp for det kommunen har å tilby, og tilbringer store delar av sommarmånadane her.

Olav den Heilage

Ei dramatisk flukt i samband med maktkampen om herredømet i landet fann stad her i år 1028. Mange segner og myter er levande, og framleis kan ein sjå merke etter sjøormen som helgenkongen slengde i Syltefjellet.

Herdalssetra Herdalssetra er ei levande seter med sommardrift med ca. 400 geiter. Her er også tilbod for overnatting i sel på ein primitiv måte. Eit perfekt utgangspunkt for dei som likar seg i fjellet.

Sevrinbrauta Husmannsplassen Sevrinbrauta i Eidsdal har vore gjennom eit omfattande restaureringsarbeid, og står snart klar til opning. Ei stifting arbeider godt med å få alt på plass. Plassen er freda, og dette er ei unik perle då eit komplett innbu er med og gir eit svært godt bilete av livet på ein slik plass både i fjern og nær fortid. I tillegg formidlar plassen sterke kvinnehistorier.

Fundergata

Fundergata i Tafjord har fleire historiske og godt bevarte hus. Med kyrkjebudene er Fundergata unik, og på våre kantar er dette den einaste av sitt slag. Før i tida vart desse brukt av folk som budde opp i fjelldalane. Her skifta dei til kyrkjeklede og åt nista si før dei rodde den lange vegen til og frå Dale kyrkje. I Fundergata vart det og drive med sal og kjøp av brennevin i tidlegare tider. Frå firmaet Christian Funder i København vart det mellom anna kjøpt konjakk i eikefat. Frå dette har gata fått namnet sitt.

Tafjord Kraft museet

I 1917 starta industrieventyret i Tafjord med bygginga av den første kraftstasjonen, Tafjord 1. Stasjonen sto ferdig i 1923 og forsynte befolkning og industri med elektrisk straum i over 60 år. Tafjord 1 vart stansa for godt i 1989, og stasjonen vart gjort om til kraftverkmuseum. Kvar sommar er tusenvis av besøkande innom den gamle stasjonen for å sjå korleis vatnet blir omgjort til elektrisk kraft, og for å oppleve korleis ein kraftstasjon vart bygt tidleg i det 20. århundret.

Kyrkjene

Norddal kyrkje vart bygd i 1782, og er den fyrste 8-kanta kyrkja på Sunnmøre. Kyrkja vart bygd opp på same staden der den gamle stavkyrkja stod. Denne kyrkja vart reist i Valldal og på 1620-talet flytta til Norddal. Delar av den gamle stavkyrkja vart nytta då dei reiste den nye. Kyrkjetårnet er bygd i klassisk barokk-stil, og måtte utan tvil bu på store tekniske problem. Bygdehandverkarane valde sjølve forma og måten det skulle gjerast på. Sylte kyrkje i Valldal er bygd i 1863 og er ei såkalla angkyrkje med heile 600 sitjeplassar. Vindauga er store og mange, og heile kyrkja ber preg av byggjestilen i denne perioden, då det skulle vere lyst, romsleg og venleg. I koret er det fire glasmålarstykke med kjende motiv frå Jesu liv.

Friluftsliv

Kommunen er med i God Helse-partnarskapet, og har ønskje om å bli endå betre på friluftsliv. Her er eit eldorado for friluftsinteresserte sommar som vinter, uansett om ein ønskjer heftige utfordringar eller berre vil gå ein liten tur. Kvar veke i sommarmånadene vert det lagt opp til ”Vekas tur” der ein samlast til felles utflukt med ein lokal turleiar. Av organiserte tilbod kan ein nemne rafting, kajakkpadling, klatring, grottevandring m.v. På sjøen er det også fleire tilbod som etablerer seg. Ein kan ta rundturar, reise på fisketurar eller rett og slett berre ta ein tur på sjøen. I Tafjordfjella finn ein eit rikhaldig turstinett og fleire overnattingshytter som Ålesund-Sunnmøre Turistforening driftar.

NaKuHel

Norddal ønskjer å satse på natur, kultur og helse. Desse elementa heng ofte tett saman, og dette er eit eige satsingsområde i samfunnsdelen av kommuneplanen som no er under utarbeiding.

Kommune: