I dag startar lesekampanjen Sommarles!

Sommerles 2018. Pressebilete. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Sommerles 2018. Pressebilete. Fotokjelde: Møre og Romsdal fylkeskommune.
Frå og med i dag kan alle barn i 1. - 7. klasse i Møre og Romsdal vere med på Noregs kulaste lesekampanje. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

www.sommarles.no varar frå 1. juni til 31. august

I fjor deltok over 300 kommunar og 58 963 barn over heile landet, i år er det 370 kommunar som deltek.

–Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og vi veit at det er mange som brukar sommarferien sin til å lese spanande og artige bøker, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

For å delta må barna lage seg ein profil og registrere alt dei les i perioden. –Vi håpar flest muleg barn i Møre og Romsdal stikk innom sitt lokale bibliotek for å vere med på Sommarles. Barna kan både få digital trofé og kule premiar , seier rådgivar ved fylkesbiblioteket One Marthe Vik.

Slik deltek du på Sommarles

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida www.sommarles.no
  • Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (erfaringspoeng) for kvar lesne side.
  • Sommarles er for barn i 1. - 7. klasse og  varar frå 1. juni til 31. august.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og eit spel der dei får løyse oppgåver knytt til forteljinga.
  • I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket
  • Sommarles er utvikla av  biblioteka i Vestfold, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti ANS.
  • Sommarles blir i 2018 leia av Telemark fylkesbibliotek, Finnmark fylkesbibliotek og Snuti ANS.
Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.