Søk Aspirantordninga hos Kulturrådet!

Kulturrådet
Kulturrådet
Ordninga skal sikre ei meir mangfaldig rekruttering til kunst- og kulturrelaterte yrke. I søknadsskjemaet skal du søkje om 400 000 kroner. I 2017 vil det bli gjeve ti stipend.

Kva kan det søkjast støtte til?

Det kan søkjast om tilskot til å tilsetje kunstnarar eller kulturarbeidarar med etnisk minoritetsbakgrunn, i 100 prosent stilling som aspirantar i normalt eitt år. Er søknadsperioden meir eller mindre enn eitt år, må dette grunngjevast.

Institusjonane som tek imot aspirantar må forplikte seg til å gje aspiranten oppgåver som sikrar fagleg og kunstnarleg utvikling og er i samsvar med institusjonanes målsetjingar og behov.

Aspirantopphaldet skal styrke aspirantens arbeidsmoglegheiter i kunst- og kulturlivet.

Kven kan søkje?

Profesjonelle kunst- og kulturverksemder av skapande, utøvande eller formidlande karakter innan alle kunst- og kulturformer kan søkje om aspirantstillingar. Verksemdene vert oppmoda om å ta kontakt med aktuelle aspirantkandidatar, og kandidatar vert oppmoda om å ta kontakt med aktuelle verksemder, for å etablere eit samarbeid i søknadsprosessen. Det er verksemda som må sende inn søknad om tilskot til aspirantstilling, og søknaden bør vere utarbeidd i samarbeid med ein namngjeven aspirant.

Aspiranten skal ha kunst- og kulturfagleg utdanning eller tilsvarande praksis. Ordninga omfattar også administrasjon; produsent- og arrangørverksemd og utdanning som kvalifiserar til administrative stillingar i kunst- og kulturverksemder vil også godkjennast.

For å bli tilsett i aspirantstilling må kunstnaren/kulturarbeidaren bu i Noreg.

Kva kan det ikkje søkjast støtte til?

Det kan ikkje søkjast tilskot til prosjekt som fell utanfor føremålet til aspirantordninga.

Utskriftsvenleg versjon av retningslinene for ordninga

Retningsliner for aspirantordninga (pdf)

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.