Biografi om kjendis-sjimpansen Julius

Biografi om Julius. Forfatter: Alfred Fidjestøl.
Biografi om Julius. Forfatter: Alfred Fidjestøl.
Vibeke Lauritsen. Pressefoto. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet
Vibeke Lauritsen. Pressefoto. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet
Alfred Fidjestøl. Foto: Norsk Kulturåd.. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet
Alfred Fidjestøl. Foto: Norsk Kulturåd.. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet
«Nesten menneske» heiter biografien Alfred Fidjestøl har skrive om sjimpansen Julius frå Kristiansand Dyrepark. Torsdag 12. oktober i Aasen-tunet samtalar han med Vibeke Lauritsen og Per Magnus Finnanger Sandsmark, begge frå nettleksikonet Allkunne.

–  Kvar veke les og redigerer eg fleire biografiartiklar til oppslagsverket Allkunne.no. Det er imponerande å sjå at levde liv kan bli til tekstar som forklarer utanforståande kven dette er. Eg gler meg til å finne ut korleis dei to forfattarane finn ut kva som er det viktigaste og mest spesielle med menneske – og sjimpansar, seier redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Sjimpansen Julius er det første dyret i Noreg som får sin eigen biografi. Dette er ei fasinerande og tankevekkande historie, om det evige spelet om status og makt, om kjærleikslengt og sex, om einsemd, død og sorg. Fidjestøl kjem til Aasen-tunet for å fortelje om boka og samtalar med Lauritsen og Sandsmark om arbeidet med å skrive ein biografi.

Alfred Fidjestøl er journalist og filosof. Han har skrive fleire biografiar om viktige personar og institusjonar i nynorsk-Noreg, og fekk tildelt både Ole Vig-prisen i 2008 og Sult-prisen i 2014.

Vibeke Lauritsen har jobba i Allkunne sidan 2007. Ho står bak 292 av biografiane ein kan lese der, men ingen av dei er om sjimpansar, sjølv om Lauritsen er frå Kristiansand.

Per Magnus Finnanger Sandsmark er kulturhistorikar og redaktør i Allkunne. Han er samtaleleiar i dette arrangementet.

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.