Frode Alnæs kjem til Fjord Cadenza!

Frode Alnes. Pressebilete. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Frode Alnes. Pressebilete. Fotokjelde: Fjord Cadenza.
Frode Alnæs har gjennom 30 år blitt feira som ein av norsk musikkliv sine mest populære og suksessrike artistar og låtskrivarar. Han har i alle år gleda eit stort publikum gjennom sin musikk og sitt smittande humør. Frode vert rekna som ein seriøs komponist og ein av Norges beste gitaristar. Han er også ein dyktig songar! Vi er stolte av å kunne presentere Frode som ein av dei sentrale artistane både på konserten vår i Fosnavåg samt på årets avslutningskonsert!

Etter meir enn 30 år som profesjonell musikar, har Forde spelt det meste med dei fleste og beste. Frode er gitarvirtuosen og «sjefen» i bandet Dance With A Stranger, og opphavsmann til alle låtane til bandet som blei ein av norsk pophistorie sine store suksessar. 

Frode Alnæs har alltid ønska å spele på mange strengar. Han er artisten og komponisten som konsekvent prøver å bryte musikalske grenser. På Fjord Cadenza får vi gleda av å høyre «Frode Alnæs in Symphony», der vi Alnæs sin musikk arrangert for stort symfoniorkester.

Emneord: 
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.