Færøysk stemning i Aasen-tunet

Hanus G. Johansen. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Hanus G. Johansen. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Ottar Fyllingsnes. Foto: Privat. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Ottar Fyllingsnes. Foto: Privat. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Færøyane. Bokomslag. Foto: Harald Hognerud. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Færøyane. Bokomslag. Foto: Harald Hognerud. Fotokjelde: Ivar Aasen-tunet.
Jakob Sande sine tekstar er tonesette av den færøyske legenda Hanus G. Johansen. Han kjem til Atlanterhavskvelden i Aasen-tunet fredag 17. februar, ein kveld der ein god fiskemiddag er ein sjølvsagt del av programmet. Hit kjem også Ottar Fyllingsnes, som har skrive bok om færøysk historie og kultur, forfattar Guri Aasen og båtbyggar Håvard Hatløy.

I 2015 kåra lesarane av National Geographic Færøyane til «Årets destinasjon». Dei grøne øyane i havet trekker turistar som aldri før, og nordmenn reiser for å oppleve eit øysamfunn med røter i norsk historie.

Forfattar og kulturjournalist Ottar Fyllingsnes står bak boka Færøyane, som er meir enn ein vanleg reiseguide. Ho opnar døra til historie, kultur og kvardag på Færøyane. Fyllingsnes har leita i den felles norsk-færøyske historia etter grunnlaget for og utviklinga av mikrostaten vest i havet. For korleis kan eit øysamfunn med så mykje motgang likevel vere eit moderne velstandssamfunn i medgang?

Færøyane er ein kulturhistorisk vegvisar med stor tematisk breidd i eit lite geografisk landskap. Fyllingsnes skriv mellom anna om sjølvstendestriden, krisa i kystfisket, kampen for språket og olsokfeiringa, som også er Færøyane sin nasjonaldag. Lesaren får gjennom møte med folk, kultur og næringsliv eit unikt innblikk i korleis Færøyane er i dag, samstundes som forfattaren trekker linjer i samfunnsutviklinga heilt attende til vikingtida.

Hanus G. Johansen har sett musikk til 30 Jakob Sande-dikt, nokre av dei finn du på plata Frå leddiken. Johansen er ein allsidig musikar og blir rekna som ei levande legende heime på Færøyane. Han har valt å gjere Sande-tolkingane på nynorsk, og dei blir ein naturleg del av det fleirspråklege repertoaret hans under Atlanterhavskvelden.                      

Fyllingsnes og Johansen er i godt lag med lokale krefter. Håvard Hatløy og Ingvill Naalsund frå Stiftinga Sunnmøre museum fortel om sunnmørsfæringen og båtbyggartradisjonen, og viser korleis båtane vart bygde etter tradisjonsboren kunnskap der byggekodeksen var høvestal og kroppsmål. Guri Aasen har med seg den nye boka Fiskarkona og døtrene hennar, der ein mellom andre blir kjende med fiskarbonden og budakokka, kverkejenta og klippfisk-kjerringa, røykeriarbeidaren og hermetikkarbeidaren.

– Heile programmet er sydd saman til ein kulturkveld med torettars middag inspirert av Atlanterhavet med tilslørte fiskarjenter til dessert, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet. Atlanterhavskvelden har avgrensa med plassar og frist for påmelding og bordbestilling.

 

Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.