Har fordelt ein halv million i driftstilskot

Skjærvafest i Kristiansund får 50 000 i driftstilskot Foto: skjervafest.no
Skjærvafest i Kristiansund får 50 000 i driftstilskot Foto: skjervafest.no
Fylkeskultursjefen har fordelt 512 000 kroner til 1-årig driftstilskot for 2017. Driftstilskot gjeld mindre regionale frivillige organisasjonar, eller organisasjonar som har eit større regionalt nedslagsfelt.

Vi mottok 28 søknader med ein samla søknadssum på 1,8 mill. kroner. Ramme til fordeling var 400 000 kroner, men pga mange gode kvalifiserte søknader vart ramma utvida til 512 000 kroner, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Totalt har Møre og Romsdal fylkeskommune fordelt over 67 millionar kroner i driftstilskot til over 100 regionale organisasjonar og institusjonar i 2017.

SøkerInnvilga
Sunnmøre historielag10 000
Sunnmøre ungdomssymfoniorkester15 000
Fosskonserten, Halsa historielag25 000
Molde tamilsk kunst og kultur organisasjon10 000
Skjærvafestivalen AS, Kristiansund50 000
Norilco Sunnmøre5 000
Nordmøre og Romsdal KFUK-KFUM speidere5 000
Rutebilhistorisk Forening avd. Sunnmøre10 000
Sunnmøre kammermusikkfestival30 000
Annai Poopathi Tamlisk kultur sendter avd. Molde10 000
Spenningskurset, aktivitetsveke på Bjorli for gruppe med spesielle behov. Tilbodet gjeld alle kommunane i Møre og Romsdal109 000
Dysleksi Nordmøre3 000
Compassion 2Dance Company, Sunndal30 000
Norsk touretteforening, Møre og Romsdal fylkeslag5 000
Stiftelsen Midtnorsk Jazzsenter130 000
Kong Arthurspelet, Sande30 000
Naturfestivalen, Søre Sunnmøre35 000
 512 000

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Når skjemaet vert sendt inn, aksepterer du samtidig Mollom sin privacy policy.